Breddeidretten i 2014 taper mot OL 2022

Facebooktwittergoogle_plusmailFacebooktwittergoogle_plusmail

Johan Roppen, leder i Volda Idrettsråd har i dagens Aftenposten et innlegg der han peker på reduksjonen i potten til Momsrefusjonen til idrettslag. 

Midt oppe i milliardsnakket om OL2022 har Stortinget vedtatt å kutte 50 millionar frå breddeidretten. 300 små idrettslag over heile landet har fått ei uventa ekstrarekning – fordi staten ikkje har forutsett suksessen til si eiga ordning.

Kva har skjedd? Dei siste fire åra har vi sett ei oppblomstring i bygging av store og små idrettsanlegg – fordi idrettslaga har rekna med å få tilbakebetalt momsen gjennom ordninga «Merverdiavgiftsrefusjon for idrettsanlegg». Dette har vore ei enkel, god og føreåtseieleg ordning. Alle som har søkt har fått (nesten) alt dei har søkt om, og prisen for å byggje idrettsanlegg har dermed vorte lågare og administrasjonen enklare. I tillit til ordninga har små og store idrettslag starta å bygge anlegg som tidlegare kanskje var litt utanfor rekkevidde av det dei kunne makte.

Men i 2014 kom det inn så mange søknader at statsbudsjettet vart overvelda. Det var nok pengar til berre ca. 60 prosent av søknadsbeløpet. Dei 300 idrettslaga fekk dermed eit samla kutt på over 50 millionar kroner samanlikna med det dei søkte om.

Korrekt saksbehandling. Feil resultat. Politisk veldig feil.

Det er Lotteri- og stiftelsestilsynet som er sett til å administrere ordninga. Her har det diverre vorte mest lotteri. Ordninga er så usikker at den minner om bingo.

Det har ikkje mangla på fagre ord frå politikarane: Frp har programfesta at idretten skal få sleppe moms. Høgre har programfesta at momskompensasjonsordninga til friviljuge lag skulle betrast. I 2013 sa Høgre-representant Linda Hofstad Helleland at Høgre ville «… ta et krafttak for idrettsanleggene ved å øke momskompensasjonen med 100 mill. kr.»

Når dei same partia no sit i regjering har dei tydelegvis ikkje heilt hugsa på kva dei sa i fjor. Har Kulturdepartementet og Idrettsforbundet berre fokus på dei tvilsomme OL-milliardane i 2022, og ikkje på små millionane til breddeidrett i 2014?

Politikarane kan fortsatt snu i denne saka. Ved å tilføre ordninga 50 millionar kroner i 2014 kan politikarane gi eit viktig handslag til dei 300 friviljuge lag og organisasjonane som har sett si lit til at staten verkeleg ønskjer å støtte friviljug arbeid.

JOHANN ROPPEN

LEIAR, VOLDA IDRETTSRÅD.

Facebooktwittergoogle_plusyoutubeinstagramFacebooktwittergoogle_plusyoutubeinstagram